Archive for the ‘Medlemsskap’ Category

Bli medlem i KRIK Bjerkreim

november 17, 2008

Dersom du likar KRIK Bjerkreim og det me står for, har du kanskje lyst til å bli medlem i lokallaget vårt? Eit medlemsskap kostar kr. 200 per år, og medfører følgjande:
– gratis deltaking på fredagscupane (kvar cup kostar kr. 50 for dei som ikkje er medlemer) + 50 kr rabatt på cupen på KRIK Cup&Konsert
– rabatt på KRIK effektar som kan kjøpast på cup eller trening
– medlemsskap i KRIK sentralt, som igjen medfører at du får KRIK-nytt (medlemsblad) 4 gonger i året samt rabatt på arrangement i regi av KRIK sentralt (Action, Arena, Explore osv – sjå www.krik.no)

I tillegg viser eit medlemsskap at du støtter oss, noko me set stor pris på!

Dersom du vil melda deg inn, kan du gjera det på følgjande måtar:
– registrera deg som medlem på ein cup (kontant betaling)
– registrera deg som medlem på ei trening (kontant betaling eller økonomisjefen sender deg giro)
– senda oss ein mail med namn, adresse, fødselsår og telefonnummer (så sender me deg ein giro)

Reklame