Archive for the ‘KRIK Fotballcup’ Category

Fyrste cup utanbygds

mars 12, 2017

KRIK-cupen i Eigerhallen fredag 10. mars samla 34 lag fordelt på 12 Herrelag, 10 Damelag og 12 U16-lag. Herreklassen vart vunnen av Sleveland & Co, i Dameklassen kom Jordvepsane endeleg tilbake på topp medan U16-klassen som sist vart vunnen av Liggeunderlaget.

_MG19660-1

Sleveland & Co.

Dei 12 laga i Herreklassen var fordelt på 3 grupper. I den fyrste semifinalen vann Intolerante Mørkemenn 2-1 over Hurtige Landsmenn, medan Potetlegendene måtte sjå seg slått av vinnarlaget. Finalen mellom Sleveland & Co og Intolerante Mørkemenn enda mållaust, men etter ein lang straffekonk kunne Vegard Merkesdal sine utvalde ta med seg premien heim.

_MG19651-1

Jordvepsane.

I Dameklassen var dei 10 laga fordelte på 2 grupper. I den fyrste semifinalen vann Jordvepsane på straffekonk over Miniputt FK, medan den andre semifinalen enda med ein overlegen siger til Nederlaget over Frustrerte Fotballfruer. Finalen vart intens og jevn og enda med 1-0 til Jordvepsane.

_MG19656-1

Liggeunderlaget.

U16-klassen hadde òg med 12 lag fordelt på 3 grupper. Her imponerte Skjerpe’s Utvalgte med å ta seg til semifinale, der dei møtte Monkey Boys som viste seg for sterke og vann 2-0. Potetlegendene gjorde òg ein god cup og tok seg til semifinale i både U16- og Herreklassen, men måtte sjå seg slått ut av Liggeunderlaget som snudde 0-1 til 2-1. Finalen enda 0-0, men Liggeunderlaget takla presset best og vann straffekonken. Med sigeren tok dei seg òg opp i ryggen på Hurtige Landsmenn på Maratontabellen der det no er desse to laga som har sjans til å vinna pokalen på neste cup.

Kveldens andaktshaldar var Martha Olsen, som snakka rundt temaet om at Jesus er verdas lys.

Camel FC best av 20 herrelag

januar 9, 2017

Heile 35 lag var påmeld til årets fyrste KRIK Fotballcup, som vart halden laurdag 7. januar. Debutantlaget Camel FC vann Herreklassen, Kleppjentene gjekk til topps i Dameklassen medan U16-klassen vart vunnen av Liggeunderlaget.

0_mg15690-2

Camel FC: Bak f.v. Sander Remme, William Takvam, Erling Torstensen, William Skåra. Framme f.v. Jonas Skulstad, Dan André Myklebust, Martin Nordvoll, Oscar Sæstad.

Det var med 20 lag i Herreklassen. Eigersundslaget Camel FC kom skeivt ut med tap i opningskampen mot Sleivdal IL, men viste seg som eit sterkt turneringslag som berre vart betre og betre og avslutta med å slå Dei Sledne 3-0 i finalen. Morten Egeland og dei sledne vennane hans gjorde for øvrig ei svært god turnering ved mellom anna å slå ut heimefavoritten Ørsdalen IL i semifinalen.

kleppjentene

Kleppjentene: Bak f.v. Miriam Byberg, Oda Bogstad, Karoline Marie D. Djuve, Maria Hiim. Framme f.v. Tuva Hansen, Maren Osaland Sele, Vilde Grøsfjeld.

I Dameklassen var det med 7 lag. Kleppjentene hadde på papiret eit svært sterkt lag med både med erfaring frå både Klepp sitt damelag og J19-landslaget. Laget levde opp til forventningane, men at dei gjekk på poengtap og hadde 3-0 som største siger må seiast å vera eit teikn på at det var generelt høgt nivå på laga i Dameklassen. Miniputt FK gjorde nok ein god cup og sikra andreplassen.

liggeunderlaget

Liggeunderlaget: Bak f.v. Klaus Merkesdal, Anders Medalen, Henry Samuelsen, Espen Dybing. Framme f.v. Markus Sælevik, Adrian Bergersen, Daniel Kyllingstad.

Dei 8 laga i U16-klassen viste at det gror godt i ungdomsfotballen i regionen. I den fyrste semifinalen møttest Buffaloes og McFlurry til eit fartsfylt oppgjer der det var mykje prestisje på spel. Etter ein svært jevn kamp vann EIK-gutane på Buffaloes på straffekonk. Der møtte dei Liggeunderlaget, som slo ut Hurtige Landsmenn i den andre semifinalen. Finalen var jevnspelt og ei sein scoring avgjorde til 2-1 siger for Klaus Merkesdal sine utvalde.

Kveldens andakt var ved Børge Vassbø, som såg på viktigheita av reglar både for å få ein god fotballkamp og eit godt kristenliv.

Fotalleksjon av Lektorlaget

november 21, 2016
Fotballcupen under helgas KRIK Cup&Konsert samla 50 lag frå Nordheimsund i nord til Lyngdal i sør. Det vart spelt 129 kampar i Bjerkreimshallen frå fredag kl. 17 til sundag kl. 17. Trass stor geografisk spreiing på laga viste dei lokale deltakarane godt att, kun eitt av dei seks finalelaga mangla spelarar frå Dalane, men her hadde til gjengjeld fire av spelarane foreldre frå Vikeså.
lektorlaget

I Herreklassen var det med 25 lag. Lektorlaget, stort sett beståande av lærarar frå fotballinja på Sandnes VGS, var svært solide under heile turneringa og gjekk til topps etter å ha slått Team soccer_bootz 4-1 i finalen.

kvs-surori

Dameklassen hadde med 10 lag. Her var det KVS Surori (frå skulen KVS i Lyngdal) som gjekk til topps etter å ha vunne finalen mot bjerkreimsjentene på Jordvepsane på straffekonk.

hurtige-landsmenn

I U16-klassen var det med 15 lag med svært mange lokale innslag. Finalen vart eit reint eigersundsoppgjer der Hurtige Landsmenn til slutt vann 3-2 over Labans krigere.

intolerante-morkemenn

Sidan cupen var den siste i 2016 så vart òg maratontabellen i Herre- og Dameklassen avgjort. I Herreklassen var det likt mellom to lag før cupen, men Intolerante Mørkemenn tok heim pokalen etter å ha nådd lenger i sluttspelet enn det FC Sado gjorde. Dameklassen var derimot langt mindre spanande, Flukten frå Hønsegården har utan tvil vore det beste laget på KRIK-cupane i år og fekk sin velfortente pokal.

flukten-fra-honsegarden

Vetle til topps

september 4, 2016

Årets fjerde KRIK Fotballcup vart arrangert fredag 2. september. Til topps i Herreklassen gjekk Vetle Skjæveland sitt lag YaGunnersYa, medan Lord Vetles Utvalgte vann U16-klassen. Flukten frå Hønsegården tok ein ny siger i Dameklassen og er no utilnærmelege på toppen av Maratontabellen.

Herrer

YaGunnersYa

Det var med 11 lag i Herreklassen, og mange av laga stod for svært attraktiv fotball. Sleivdal IL imponerte med høgt teknisk nivå og fint samspel, og tok seg til semifinale der det måtte straffekonk til for at YaGunnersYa skulle slå dei ut. I den andre semifinalen møttest dei to tetlaga på Maratontabellen, Intolerante Mørkemenn og FC Sado. Sistnevnte trekte det lengste strået etter at òg denne kampen gjekk til straffekonk. I finalen viste YaGunnersYa styrke og vann 3-1.

Flukten frå Hønsegården

Flukten frå Hønsegården

Dameklassen hadde med 6 lag fordelt på to grupper. Det unge laget Pink fekk seg ein fortent opptur ved å ta seg til semifinale. Der viste imidlertid dei meir rutinerte på Flukten frå Hønsegården seg for sterke og vann 2-0. I den andre semifinalen vann Jordvepsane mot Ålgårdsauene etter straffekonk. Finalen vart vunnen av Flukten frå Hønsegården, som med 2-0 siger avgjorde både finalen og Maratontabellen i Dameklassen.

Lord Vetles Utvalgte

Lord Vetles Utvalgte

Dei 6 laga i U16-klassen var òg fordelt på to grupper. Her imponerte Noname FC U16, eit lag der kjerna var 8. klassingar. Etter mykje bra spel i gruppa møtte dei si overmakt på Girlza U16, då jentene frå Eigersund kom tilbake etter 0-1 ved å utlikna og vinna straffekonken. I den andre semifinalen var Lord Vetles Utvalgte solide og slo Pessimistane 1-0. Finalen vart dermed eit reint eigersunds-oppgjer, der Lord Vetles Utvalgte kontrollerte inn 1-0 og tok sin fyrste finalesiger.

Andaktshaldar var mangeårig internasjonalt ansvarleg i KRIK; Bjarte Øen. Han snakka om små og store val og om å søkja rett stad når ein skal gjera dei.

Mørkemennene tilbake på toppen

mai 2, 2016

Årets tredje KRIK Fotballcup vart halden i Bjerkreimshallen fredag kveld. I Herreklassen var Intolerante Mørkemenn tilbake på topp etter lengre tid utan siger. Dameklassen vart som sist vunnen av Flukten fra Hønsegården, medan Bendtner FC tok sin fyrste siger i U16-klassen.

Intolerante Mørkemenn

Intolerante Mørkemenn: Bak f.v.: Glenn Grønning, Phsnuwat Pramanusai, Frithjof Vassbø, Børge Vassbø. Framme f.v.: Ståle Vaule, Vetle Skjæveland.

 

I Herreklassen var det meld på 12 lag som var fordelt på 3 grupper. Alle Gutta imponerte ved å slå ut FC Legends 2-0 i kvartfinalen og FC Sado på straffekonk etter 0-0 i semifinalen. Intolerante Mørkemenn var i godt slag og slo ut Camp Lindnes 2-0 i kvartfinalen og Dei Sledne 2-1 i ein semifinale prega av kontroversielle dommaravgjersler. I finalen viste Vetle Skjæveland klasse og scora to for mørkemennene medan Alle Gutta vart ståande med Sindre Brekke sitt eine mål.

Flukten fra Hønsegården

Flukten fra Hønsegården: Bak f.v. Linda Falch Svindland, Lotte Sæstad, Catrine Tengesdal, Johanne Engelsgjerd, Caroline Skåra, Therese Figved. Framme: Wenche Helset Nilsen.

Det var med 4 lag i Dameklassen. Laga spelte i same gruppe, der dei to beste møtte kvarandre i finalen. Som på sist cup var det Flukten fra Hønsegården og Girlza som møttest i finalen. Kampen enda 0-0 og dei rutinerte damene frå hønsegården trekte det lengste strået med 3-2 på straffekonk.

Bendtner FC

Bendtner FC: Bak f.v.: Sindre Brekke, Kristian Garpestad, Mathias Gunnarsen, Kristian Brekke, Sander Wilhelmsen. Framme f.v.: Lasse Michaelsen, Joakim Andreassen (var med laget i Herreklassen), Sebastian Garheim Ege.

I U16-klassen var det med 6 lag som alle spelte i same gruppa. Her spelte òg dei to beste laga finale. Finalen var mellom Bendtner FC og FC Legends. Sistnevnte hadde allereie sikra sigeren på Maratontabellen for U16-klassen sesongen 2015-2016. Men sigeren på denne cupen gjekk til Bendtner FC, som etter 0-0 ved ordinær tid vann straffekonken 5-4.

FC Legends

FC Legends – vinnar av maratontabellen i U16-klassen.

Andaktshaldar var Gustav Kjølberg, som oppfordra truande, tvilande og ikkje-truande til å snakka med kvarandre om tru.

Ford 3000 til topps

mars 6, 2016

Årets andre KRIK Fotballcup var eit godt døme på at fotballen er eit språk alle forstår. Trass manglande norskkunnskapar fekk fire lag frå asylmottak stifta kjennskap med andre fotballinteresserte ungdommar i regionen. Nokre av laga sette eit tydeleg preg på stemninga med enormt engasjement frå sidelinja, og gav med voldsom applaus og plystring ei uvanleg positiv tilbakemelding etter Sindre Giljebrekke sin andakt.

Sana

Flukten frå Hønsegården (oransje) vann straffekonk mot Tripple (svart). Sistnevnte imponerte og spelte seg inn i hjartene til fleire deltakarar frå asylmottaket i Lund – heiagjengen derfrå (grøne og kvite trøyer) deppa nesten meir enn dei tapande finalistane.

Det var påmeld heile 29 lag på cupen; 19 lag i Herreklassen, 5 lag i Dameklassen og 8 lag i U16-klassen. I Herreklassen var det mange overraskingar i løpet av kvelden. Både FC Violada og SARPBB rauk ut i gruppespelet, og debutantlaget Cameron Norge gjorde eit svært solid inntrykk ved å ta seg heilt til finalen etter å ha slått Camp Lindnes 2-0 i semifinalen. Der møtte dei bjerkreimsgutane på Ford 3000, som hadde slått Intolerante Mørkemenn 1-0 i deira semifinale. Finalen var open og begge laga ville mykje, men ingen klarte å scora. På straffekonken viste Ford 3000 rutine og vann 3-1.

Ford 3000

Ford 3000 rauk ut i gruppespelet sist cup men tok ein frykteleg revansj og vann Herreklassen.

I Dameklassen var det ei gruppe kor dei to beste møttest i finalen. Debutantlaget Girlza møtte rutinerte Flukten frå Hønsegården. Her enda det òg med 0-0 og i straffekonken måtte Girlza sjå seg slått av dei meir rutinerte motstandarane.

Flukten frå Hønsegården

Flukten frå Hønsegården – vinnar av Dameklassen.

U16-klassen hadde med 8 lag fordelt på to grupper. Begge semifinalane måtte avgjerast på straffekonk, der FC Legends slo ut Tripple og Party Svenskan vann mot Team Sweaty. I finalen viste FC Legends kvifor dei vinn årets Maratontabell ved å slå Party Svenskan 2-0.

FC Legends

FC Legends vann både cup og Maratontabell i U16-klassen.

Egersund Hawks toppa stor U16-klasse

januar 3, 2016

Årets fyrste KRIK Fotballcup vart arrangert laurdag 2. januar. Det var med rekordhøge 36 lag fordelt på 18 herrelag, 9 damelag og 9 U16-lag. FC Violada tok seg endeleg til topps i Herreklassen, medan Klepp IL gjorde som sist cup og vann Dameklassen. Egersund Hawks hadde god kontroll på debutantnervene og vann U16-klassen.

IMG_3774

Vann ikkje, men hadde det gildt likevel: Morten Solberg (Henderson) og Espen Primstad prøver ein innøvd variant i kampen mot Kilden FC.

Herreklassen hadde fire grupper kor dei to beste laga i kvar gruppe gjekk til sluttspelet. I den fyrste semifinalen møttest ålgårdsgjengen på FC Laurentz og Sola-gutane på Team Elektrotema. Den jevnspelte kampen enda 0-1. Den andre semifinalen var eit intenst oppgjer mellom FC Violada og Team Snøft. FC Violada har gjennom 2015 vist stigande kurve medan Team Snøft hadde eit sterkt lag med mange spanande spelarar frå Dalane. Kampen enda 1-1 og FC Violada vann straffekonken og tok seg til finale. Der vann dei sin fyrste cup-siger etter å teke ein fortent siger mot Team Elektrotema.

FC Violada

FC Violada: Bak f.v.: Halvard Netland, Jon Kristian Myklebust, Erlend Vignes, Enok Liland. Framme f.v.: Endre Vignes, Daniel Edvardsen, Roy Skjæveland, Thomas Malde.

I Dameklassen var dei 9 laga fordelt på to grupper. Nivået var svært høgt, og det var ein prestasjon å berre nå semifinalane. I den fyrste semifinalen vann det Eiger-baserte laget Flukten fra Hønsegården 3-0 over Jordvepsane. Den andre semifinalen vart vunnen av Klepp IL, dei talentfulle jentene hadde god kontroll då dei slo Mix 2-0. Finalen gjekk mellom to svært gode lag, der Klepp IL var aller best og vann 2-0.

12475998_10153675665330339_1894927767_n

Klepp IL: Bak f.v.: Marie Hella, Julie Merkesdal, Oda Goa Berge. Framme f.v.: Emilie Torbjørnsen, Marie Sørenes, Vilde Grøsfjeld.

I U16-klassen var det òg med 9 lag fordelt på to grupper. Det var med fleire nye lag og cupen baud på mange gode kampar. Jevnt var det òg, så begge semifinalane måtte ha straffekonkurranse for å avgjerast. I den fyrste semifinalen slo debutantlaget Egersund Hawks ut FC Legends på straffer, medan Party Svenskan sende heim Ville Jungeldyr. Det var duka for eit reint EIK-oppgjer i finalen, der ingen av laga klarte å scora og Egersund Hawks vann straffekonken.

12483469_10153675666960339_1472629864_n

Egersund Hawks: Bak f.v.: Henrik Hetland, Thomas Hallan Christensen, William Karlsen, Aleksander Årstad. Framme f.v.: Marius Karlsen, Truls Hallan Christensen, Lian Hgjr.

Andakten var ved Børge, som brukte juleevangeliet som døme på at ingen er for små eller mangelfulle til å kunna brukast av Gud.

God helg for familien Merkesdal

november 16, 2015

Det 7. KRIK Cup&Konsert i rekka hadde ny rekord med 57 deltakande lag spredt frå Suldal i nord til Lyngdal i aust. Cupen baud på 135 kampar og mange fartsfylte oppgjer.

Ibracadabra

Bak f.v.: Gabriel Merkesdal, Elion Shatri, Vetle Skjæveland, Jostein Merkesdal. Framme f.v.: Matias L. Løining, Marius Koldal, Stefan Ghilom.

Det var med 27 lag i Herreklassen. Til topps gjekk Ibracadabra, som forsvarte sigeren frå i fjor ved å vinna 2-0 mot Ford 3000. Sigeren på cupen gjorde òg at Ibracadabra vann Maratontabellen, etter at førehandsfavoritten SARPBB rauk ut allereie i åttandedelsfinalen. FC Violada og KRIK Sobihob imponerte òg ved å ta seg til semifinale i det som var ein herreklasse med svært høgt nivå.

Klepp IL

Bak f.v.: Vilde Grøsfjeld, Tuva Hansen og Andrea Norheim. Framme f.v.: Oda Goa Berge, Maria Min Xiu Sørenes, Emilie Torbjørnsen.

I Dameklassen var det med 10 lag. Klepp IL var for seint ute med påmeldinga til cupen og stod på venteliste, men då eit lag trekte seg fredag føremiddag kom dei talentfulle jentene med likevel. I sin debut-cup gjekk dei heilt til topps ved å slå KVS Jentene 1-0 i finalen. Maratontabellen vart vunnen av Jordvepsane, som fekk like mange poeng som Egersundsjenten men vann sidan dei kom lengre på KRIK Cup&Konsert.

FC Legends

Bak f.v.: Vegard Merkesdal, Kristian Eia og Klaus Merkesdal. Framme f.v.: Odd Erlend Vaule, Oscar Gonzales og Oskar Solberg.

U16-klassen hadde med heile 20 lag. Heimefavoritten FC Legends vann finalen 2-0 mot Bryne-konfirmantane på Iphones. Større motstand fekk dei imidlertid i semifinalen mot Gbless, det var ein kamp som innehaldt alt; flotte scoringar, tidenes hands, utvisning og straffekonk. Etter to cupar har òg FC Legends fått eit godt utgongspunkt på Maratontabellen.

Jordvepsane

Bak f.v.: Andrea Marie Slettebø, Hilde Figved, Linda Tønnesen og Marthe Sønstabø. Framme f.v.: Lise Eikeland, Regine Vaule og Hedda Nevland.

FC Legends og Jordvepsane stal showet

september 6, 2015

Årets fjerde KRIK Fotballcup vart arrangert fredag kveld. Jordvepsane imponerte med å gå til topps i dameklassen, medan FC Legends som fyrste lag nokon sinne presterte å vinna både U16-klassen og Herreklassen.

FC Legends: Bak f. v.: Håkon Berge, Gabriel Merkesdal, Kristian Eia, Oscar Gonzales og Klaus Merkesdal. Framme f.v.: Vegard Merkesdal, Odd Erlend Vaule og Oskar Solberg.

FC Legends: Bak f. v.: Håkon Berge, Gabriel Merkesdal, Kristian Eia, Oscar Gonzales og Klaus Merkesdal. Framme f.v.: Vegard Merkesdal, Odd Erlend Vaule og Oskar Solberg.

I Herreklassen var det med 11 lag som var fordelt på tre grupper. I den fyrste semifinalen vann FC Legends 1-0 mot Gjedrem Kickers, som gjorde si beste turnering så langt. Deretter viste FC Violada og SARPBB seg frå si beste side i ein underhaldande kamp som etter 1-1 måtte avgjerast på straffekonk. SARPBB vann denne og tok seg til sin tredje finale i år. I finalen kjempa FC Legends heroisk for å hindra SARPBB sitt klikk-klakk spel og fekk løn for strevet då Odd Erlend Vaule ordna 1-0. Ei sein utlikning førte deretter til ny straffekonk der nervene fekk fritt spelerom men heimefavoritten til slutt gjekk sigrande av banen.

Jordvepsane: Bak f.v.: Linda Tønnessen, Andrea Marie Slettebø, Marthe Sønstabø, Madeleine H. Mellemstrand og Hilde Figved. Framme f.v.: Lise Eikeland, Regine Vaule og Hedda Nevland.

Jordvepsane: Bak f.v.: Linda Tønnessen, Andrea Marie Slettebø, Marthe Sønstabø, Madeleine H. Mellemstrand og Hilde Figved. Framme f.v.: Lise Eikeland, Regine Vaule og Hedda Nevland.

I Dameklassen var det med 5 lag som alle haldt godt nivå. På delt fyrsteplass i gruppa kom Øybuan og Jordvepsane, som etter å ha vunne sine semifinalar møtte kvarandre att i finalen. Der imponerte dei unge bjerkreimsjentene stort ved å feia Øybuan av banen med 3-0 og ta sin fyrste cup-siger.

Egersund Gul og Blå (svart/kvit) og Gjedrem Kickers (gult) har vore med fleire gonger. Denne gonga kom begge til sluttspelet, Gjedrem kickers tok seg heilt til semifinale.

Egersund Gul og Blå (svart/kvit) og Gjedrem Kickers (gult) har vore med fleire gonger. Denne gonga kom begge til sluttspelet, Gjedrem kickers tok seg heilt til semifinale.

U16-klassen hadde med 4 lag, der dei to beste, bjerkreimsgutane FC Legends og eigersundslaget Team Sweaty, møttest i finalen. Team Sweaty var yngre men viste ingen respekt og kjempa seg til leiinga i kampen. Ei sein utlikning førte til at finalen, som oppgjeret deira i gruppespelet, enda 1-1. Med god rutine og ein dyktig keeper i Oscar Gonzales vann FC Legends straffekonken og tok sin fyrste cupsiger.

Kveldens andaktshaldar var styremedlem Ingelin Ognedal, som fortalte frå sitt trusliv og tida som fotballspelar i Toppserien.

FC Laurents vann tidenes fyrste U16-Maratontabell

april 25, 2015

Årets tredje KRIK Fotballcup samla 19 lag i Bjerkreimshallen fredag kveld. Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys (SARPBB) vann Herreklassen, Egersundsjenten gjekk til topps i Dameklassen medan FC Laurentz vann både cup og maratontabell i U16-klassen. Bilete frå cupen finn du her.

Herreklassen bestod av 10 lag som var fordelt på 2 grupper. Sju av herrelaga tok seg til kvartfinalar, kor òg Tengsareid FC frå U16-klassen kom med. I den fyrste semifinalen fekk debutantlaget FC Violada prøva seg mot Intolerante Mørkemenn. Fyrstnevnte trekte det lengste strået på straffekonk etter 1-1 ved ordinær tid. I finalen møtte dei SARPBB, som hadde vunne sin semifinale 5-0 mot eit FC Laurentz som nok hadde gått tomme etter å ha delteke både i U16- og Herreklassen. SARPBB starta finalen med to kjappe mål, men FC Violada fekk rista av seg sjokket og reduserte til 1-2 før pause. Trass fleire store sjansar klarte ikkje debutantlaget å utlikna og Lura-gjengen på SARPBB kunne dermed jubla for sin andre cupsiger på rad.

SARPBB er med i det eksklusive selskapet med lag som har vunne to cupar på rad.

SARPBB er med i det eksklusive selskapet med lag som har vunne to cupar på rad.

I Dameklassen var det med 5 lag som alle spelte i same gruppa. Det var svært høgt nivå på laga, noko som førte til at vinnar av sist cup, Ålgårdsauene, havna sist i gruppa. Begge semifinalane vart avgjort på straffekonk, der Jordvepsane slo ut Ballbusters FC medan Egersundsjenten vann mot Øybuan. I finalen viste Egersundsjenten rutine, dei kjempa seg til ei 1-0 scoring og haldt dei unge, lovande Jordvepsane unna og tok sin andre cup-siger for året.

Egersundsjenten fekk revansj mot Jordvepsane i finalen og vann for andre gong i år.

Egersundsjenten fekk revansj mot Jordvepsane i finalen og vann for andre gong i år.

I U16-klassen var det med 4 lag. Laga spelte mot kvarandre og dei to beste avslutta med finale. FC Legends var nær finaleplass, men det var dei to beste laga siste året, FC Laurentz og Tengsareid FC som toppa gruppa. I finalen tok FC Laurentz ei tidleg 2-0 leiing, og sigeren virka aldri særleg trua sjølv om Tengsareid fekk ei redusering mot slutten. Med sigeren vart FC Laurentz det fyrste laget til å vinna maratontabellen for U16-klassen.

FC Laurentz - vinnar av Maratontabellen 2014-2015.

FC Laurentz – vinnar av Maratontabellen 2014-2015.

Andaktshaldar var David Liland, som brukte sin bakgrunn innan rusomsorgen til å gje dei frammøtte den viktige bodskapen om at dei er verdifulle.