Tid og stad: Laurdag 2. januar, fredag 4. mars, fredag 29. april, fredag 2. september og under KRIK Cup&Konsert helga 18.-20. november. Om ikkje anna er presisert i presentasjonen av cupen, startar arrangementet klokka 17.30 med samling ein gong rundt klokka 20. Finalen i den opne klassen vert avslutta rundt kl. 01.30. Cupane vert haldne i Bjerkreimshallen. Pris kr. 50 for dei som ikkje er medlemer i KRIK Bjerkreim (kr. 100 på KRIK Cup&Konsert).
Påmelding: Skjer per mail til KRIK Bjerkreim, adressa er krikbjerkreim@hotmail.com. Siste frist for påmelding er vanlegvis eit par dagar før cupen, men pga. stor pågong er det ikkje dumt å melda seg på god tid i førevegen. I påmeldinga skal det stå namn på laget, deltakarar (med fødselsår dersom de ikkje har vore med før) og kontaktperson (gjerne med telefonnummer). Det er mogeleg å gjera mindre endringar på laget etter påmeldinga. Påmeldinga av eit lag er bindande, så dersom nokon melder seg av/trekk seg i løpet av siste 4 døgna før cupen, må laget likevel betala kr. 250. Betaling for cupen skal skje før laget spelar sin fyrste kamp.
Deltakarar: KRIK cup er open for gutar og jenter (evt. menn og kvinner) frå 8. klasse og oppover. Dei som er betalande medlemer i KRIK Bjerkreim deltek gratis, andre deltakarar betalar kr. 50 per turnering.
Opplegg
Organisering av cupen: Det vert spelt eigne cupar for Herreklasse (max 12 lag), Dameklasse (max 8 lag) og U16-klasse (max 8 lag, kun ungdomsskuleelevar). Dersom det er få lag med i ein av klassane kan ein av dei andre verta utvida tilsvarande. Dersom det står likt mellom fleire lag i gruppespelet, avgjer målskilnaden (og evt. innbyrdes oppgjer dersom det òg er lik målskilnad). Vinnaren av cupen vert premiert. Sluttspelet er slik (ved forventa tal på deltakande lag):
- Herreklassen: Kvartfinalar, semifinale og finale.
- Dameklassen: Semifinalar og finale.
- U16-klassen: Gruppespel og finale, vinnarlaget når sluttspelet i Herreklassen.
Maratontabell: Det vert arrangert 5 cupar i året. Det vert derfor ført ein “Maratontabell” frå turnering til turnering, der laga som når sluttspelet får med seg poeng til denne tabellen. Det vert eigne tabellar både for Herre-, Dame- og U16-klassen. Dei som står øvst på tabellen etter siste turnering vinn heider, ære og ein premie.
Organisering av laga: Kvart lag består av keeper og 5 utespelarar. Ein står fritt til å ha med så mange innbytarar som ein ynskjer. Dersom ein har problemar med å få nok folk, kan ein låna keeper frå eit anna lag i gruppespelet. I sluttspelet kan ein derimot ikkje nytta andre spelarar enn dei som er skrivne ned når laget vert registrert/betalt for.
For øvrig om arrangementet:
– i kiosken vert det sal av lett mat / snacks og drikke, og ein kan oppbevara verdisaker der
– KRIK Bjerkreim har tilgjengeleg nokre par keeper-hanskar, slik at dei som ynskjer det (og har hender som passar) kan låna eit par når dei skal spela
– det er overtrekksvestar i hallen
– KRIK Bjerkreim har ikkje teikna forsikring for arrangementa. All deltaking på KRIK sine arrangement skjer på deltakar sitt eige ansvar
Reglar
For arrangementet:
– dersom eit lag ikkje har stilt opp innan 1 minutt etter at dei skulle ha starta kampen, vinn det andre laget 3-0
– det er ikkje lov til å spela med utesko (berre innesko, ingen svarte solar)
– under møtedelen er alle velkomne til å vera med. Er det nokon som ikkje ynskjer å vera med, ber me desse respektera møtet og vera stille. Dette betyr mellom anna at ingen skal spela fotball under samlinga
– to tilhøve medfører utvisning frå cupen/lokala: Dersom ein nyttar vald og/eller dersom ein er påverka av alkohol (eller har det med seg).
For kampane:
I ei vanleg turnering varar gruppespelskampane 9 minuttar. Kvartfinalane er ein omgong på 9 minuttar, semifinalane 2×6 minuttar og finale 2×7 minuttar. Tilgjengeleg tid for kvar kamp kan verta noko redusert dersom det er med svært mange lag. Dersom ein sluttspelskamp er uavgjort etter full tid, går kampen til straffekonkurranse. 3 spelarar på kvart lag (dei som skal skyta må ha vore på banen då kampen slutta) skyt då ein straffe kvar, og om kampen enno ikkje er avgjort etter dette vert det teke eitt og eitt straffe til avgjersla fell. For øvrig er kampreglane stort sett som for annan fotball, med enkelte unntak:
– sklitaklingar er ikkje tillete
– banning medfører minimum 2 minuttars utvisning
– i staden for gule (og raude) kort nyttar ein tidsbegrensa utvisning, der det mest aktuelle er 2 minutt
– på den langsida som er mot inngongsdøra vert det dømd innkast når ballen krysser sidelinja, på den andre langsida spelar ein med veggen (dvs. ingen innkast)
– på daud ball over kortlinja («keepers ball») har keeper ikkje lov til å starta spelet ved å sparka ut over midtlinja. Men det er lov å kasta over midtlinja.
– dersom ballen går i taket, opp på tribunen eller over treveggen vert det dømd frispark
– offside-regelen gjeld ikkje
NB: Styret i KRIK Bjerkreim har vedteke reglementet, og har høve til å endra det om det skulle vera ynskjeleg. Har du eit forslag til endring i reglementet/arrangementet, så er det fint om du kontaktar styret.