Archive for the ‘KRIK Fotballcup’ Category

Suverene Ibracadabra

juni 14, 2019

Det var med 18 lag på cupen på Vikeså kunstgras laurdag 1. juni. Med to banar og 39 kampar fekk deltakarar og publikum lada opp til Champions League – finalen på ein måte som etter kvart har blitt tradisjon på siste cupen før sommaren. Kveldens andakt var ved Maria Byrkjedal, tidlegare styremedlem i KRIK Bjerkreim.

cof

Ibracadabra

I Herreklassen var det med 5 lag som alle spelte i same gruppa. Marius Koldal sine utvalde på Ibracadabra vann alle kampane, slapp fyrst inn mål i finalen og varta opp med flott fotball. I finalen vann dei mot Noname FC, som hadde vunne ein jevn semifinale mot Intolerante Mørkemenn på straffekonk.

cof

Godt Humør

Dameklassen hadde med 4 lag som òg spelte i same gruppa. Det Eiger-baserte laget Godt Humør vann gruppa og møtte gruppetoer og heimefavoritt Crazy Onions i finalen. Etter å ha spelt 1-1 i gruppespelet vart det òg jevnt i finalen, men dei humørfylte jentene i raudt trekte det lengste strået og vann dameklassen.

cof

Noname FC

Det var med heile 9 lag i U16-klassen, deriblant fleire nye og lovande lag. Dei to beste laga i kvar gruppe gjekk til sluttspelet. I den fyrste semifinalen slo bjerkreimsgutane i Junior Elite ut Eiger-baserte Lag 2 med 2-0, medan heimefavoritten Noname FC vann 3-2 mot 8. klassingane på Gullguttane. Finalen vart jevn, og det stod lenge 2-2, men Noname fekk det avgjerande målet og vann cupen. Laget vart då òg vinnar av Maratontabellen for sesongen 2018-2019.

Reklame

Loftens Baroner vann årets fyrste cup

januar 11, 2019

Årets fyrste KRIK Fotballcup vart arrangert i Espelandhallen på laurdag. Med heile 30 deltakande lag vart det spelt kampar på to banar til seint på kveld. Herreklassen vart vunnen av Loftens Baroner, medan Tomatoheads var tilbake på topp i Dameklassen og debutantlaget paceMakers vann U16-klassen.

cof

I herreklassen var det med 14 lag fordelt på tre grupper. Regjerande meister Ibracadabra rauk på straffer mot Mike Tyson FC i kvartfinalen, men sistnevnte måtte deretter sjå seg slått av vinnarlaget frå fjorårets januarcup; Johannes Evangeliet 2.1. Det andre finalelaget var Loftens Baroner, som på veg til finalen hadde slått ut Oldisane og Pomes FC. Det var kanskje semifinalane som baud på best fotball, for i finalen kontrollerte Loftens Baroner tidleg kampen og vann komfortabelt 5-1.

cof

Det var med 6 lag i dameklassen, desse var fordelt på 2 grupper. Det var høgt nivå på laga, noko som viste att ved at solide De Utrolige måtte sjå seg slått ut i gruppespelet. Finalen gjekk mellom Vettkje, eit Bryne-basert lag som hadde slått ut Crazy Onions i semifinalen, og Tomatoheads, som slo Ildjentene i sin semifinale. Tomatoheads hadde i pausen på cupen fått pokalen for siger på fjorårets maratontabell, og viste seg trofeet verdig ved å vinna finalen i årets fyrste cup med 3-0.

cofI U16-klassen var det med 10 lag fordelt på 2 grupper. Finalen gjekk mellom Noname FC og paceMakers. Sistnevnte var eit nytt bekjentskap med gutar med tilknytning til Bryne G15. Dei tilreisande slo ut Junior Elite i sin semifinale, medan Noname FC måtte ut i straffekonk for å slå ut Lag 2 i deira semifinale. I finalen spelte paceMakers svært bra fotball, fekk revansje for tapet i gruppespelet mot Noname FC og vann finalen 3-0.

Kveldens andakt var ved Børge og handla om kong David og vanskane me har med å halda oss på den smale stien.

Ibracadabra tilbake på topp

januar 11, 2019

Årets siste KRIK Fotballcup vart arrangert i Espeland-hallen laurdag kveld. Med 24 påmelde lag fordelt på 11 herrelag, 8 U16-lag og 5 damelag vart det spelt over 50 kampar fordelt på to kunstgrasbanar. Dameklassen vart vunnen av debutantlaget Svette Kokosboller, medan Noname FC tok sin tredje U16-siger på rad og Ibracadabra sitt etterlengta comeback resulterte i siger i Herreklassen.

cof

Dei 11 herrelaga var fordelt på tre grupper, som vart vunne av Ibracadabra, Svigermors Drøm og Virginity Rocks. Desse laga kom seg gjennom kvartfinalane sine og fekk selskap av siste kvarfinalevinnar Intolerante Mørkemenn i semifinalane. Finalen stod mellom Ibacadabra og Virginity Rocks, ein kamp fyrstnevnte kontrollerte inn til siger 5-2.

Noname FC.jpg

I U16-klassen var det 8 lag fordelt på to grupper. Regjerande meister Noname FC fekk med seg #ByggmesterBob til semifinale frå gruppe 1, medan Øybuane vann gruppe 2 føre Junior Elite. I svært jevne semifinalar vann Noname FC 2-1 mot Junior Elite medan det måtte ein dramatisk straffekonk til for å kåra #ByggmesterBob til vinnar over Øybuane. Finalen vart derimot ikkje jevn, og Noname FC kontrollerte inn storsiger mot byggmeistrane frå Frøyland.

cofI dameklassen var det med 5 lag som spelte mot kvarandre i gruppa før dei beste laga gjekk til sluttspelet. I semifinalane vann De Utrolige mot Runaways medan Svette Kokosnøtter slo ut Crazy Onions. Deretter fekk Svette kokosnøtter revansje etter gruppespelstapet mot De Utrolige og vann ein spanande finale 3-2.

Andaktshaldar var Arnt Olav Sivertsen, som hadde ei sterk historie å fortelja om livet før og etter at han møtte Jesus.

Heimelaga treivst best i solskinet

september 7, 2018

Årets fjerde KRIK Fotballcup var spelt laurdag 1. september. I varmt og godt sommarvèr vart det ein flott dag å spela fotball, sjå fotball, drøsa med kjentfolk og høyra andakt av Vegard Mong.

Herreklassen hadde med seks lag som alle spelte i same gruppa. Intolerante Mørkemenn toppa gruppa føre Grevens og De. Begge laga tok seg til finale, der Grevens og De viste musklar, kondis og fint spel og tok ein komfortabel 3-0 siger.

Grevens og De

I U16-klassen var det med 9 lag fordelt på to grupper. Begge gruppene var jevnspelte og frå gruppe 1 tok Pinglene frå Frøyland sigeren føre Junior Elite. Gruppe to vart vunnen av Noname FC, medan Øybuan òg tok seg til semifinale. Finalen gjekk mellom regjerande meister Noname FC og debutantane frå Frøyland. Noname var nådelause og tok sin andre siger på rad.

Noname FC

Dei to laga i jenteklassen spelte med U16-klassen men hadde ein eigen finale. Den vann Crazy Onions 3-0 over Runaways.

Crazy Onions 2

 

Grevens og De til topps

mai 27, 2018

Årets tredje KRIK Fotballcup vart arrangert på Vikeså kunstgras i perfekte vèrforhold for små, intense kampar med gode pausar mellom. Med mykje god fotball, andakt ved Glenn Grønning og god stemning vart det ein gild dag på banen.

I Herreklassen var det med 7 lag fordelt på to grupper. Den fyrste gruppa vart vunnen av Intolerante Mørkemenn som fekk med seg laget KRIK Bjerkreim til sluttspelet. Frå den andre gruppa tok Grevens og De seg vidare saman med PotetLegendene. Gruppevinnarane vann kvar sin semifinale og møttest i finalen der Grevens og De ved hjelp av fikse kombinasjonar og effektivitet vann 3-0 mot trøytte og svette mørkemenn.

Grevens og De

Dameklassen hadde fire lag som alle tok seg til semifinale. Finalen stod mellom Tomatoheads, som hadde vunne dameklassen i årets to fyrste cupar, og bjerkreimsjentene på Crazy Onions. Etter 0-0 ved full tid måtte det straffekonk til for å kåra Tomatoheads til vinnar denne gonga òg.

Tomatoheads

U16-klassen hadde med 6 lag som alle spelte i ei gruppe. Dei fire beste laga tok seg til semifinale, i tillegg til etterkvart rutinerte PotetLegendene, Noname FC og Junior Elite så klarte debutantlaget Ryge i Semien å nå sluttspelet, men levde opp til navnet sitt i neste kamp. Finalen mellom PotetLegendene og Noname FC enda 0-0 og på straffekonk kunne Noname FC ta sin fyrste cupsiger og hindra att PotetLegendene vann alle cupane i sesongen 2017 – 2018.

Noname FC

PotetLegendene vann Herre og U16

mars 3, 2018

Fredag 2. mars vart årets andre KRIK Fotballcup halden. Lokalet var Egersundshallen, og det var tydeleg at egersundslaga likte seg på heimebane; PotetLegendene vann både Herre- og U16-klassen medan Tomatoheads vann Dameklassen.

28643332_10155928631005630_75051401_o

PotetLegendene

Det var med 7 U16-lag på cupen. I den fyrste semifinalen vann PotetLegendene 1-0 mot M2, eit debutantlag dominert av Bryne-spelarar. Den andre semifinalen mellom #RallyBois og Junior Elite enda 0-0 før rallygutane tok seg til finale med 6-5 på straffekonk. I ein spanande finale var det PotetLegendene som scora det einaste målet og vann sin fjerde U16-finale på rad.

Det var med 12 herrelag på cupen. M2 prøvde seg her òg, dei imponerte og tok seg til finalen etter å ha vunne semifinalen komfortabelt 3-0 mot Grevens og De. Det andre finalelaget vart PotetLegendene, som hadde teke seg like enkelt til finalen etter å ha slått ut Turistforeningen. Med ein styrka stall på laget i Herreklassen var PotetLegendene eit nummer for store for M2 og vann finalen heile 5-1. PotetLegendene vann dermed både Herreklassen og U16-klassen på same cup, ein stor prestasjon som berre FC Legends har klart før dei.

Tomatoheads

Tomatoheads

I dameklassen var det med 3 lag som spelte to kampar mot kvart av dei andre laga. Vinnar av pulja vart Tomatoheads, som dermed har vunne dameklassen på begge cupane i år.

Johannes Evangeliet 2.1 til topps i Hålå

januar 8, 2018

Det var 29 påmelde lag på KRIK-cupen laurdag, noko som resulterte i eit halvt døgn med fotball i Eigerhallen. Mange av dei relativt nye laga beit godt frå seg, men alle klassane vart vunne av rutinerte lag.

Johannes Evangeliet 2.1 redigert

I Herreklassen var det med 12 lag fordelt på 3 grupper. Den kanskje største positive overraskinga var Noname FC, eit lag med 8.-9. klassingar som vann gruppa si og slo ut både PotetLegendene og Man’s Not Hot i sluttspelet. I finalen møtte dei si overmakt i Johannes Evangeliet 2.1 som var svært solide heile kvelden og kontrollerte inn 2-0 siger i årets fyrste cup.

PotetLegendene

Det var påmeld 10 lag i U16-klassen, derav fem av lag som bestod utelukkande av 8. klassingar. Fleire av desse beit godt frå seg og tok seg til sluttspelet. Finalen stod derimot mellom to velkjende lag på KRIK-cup; PotetLegendene og Hurtige Landsmenn. Landsmennene kom langt i sluttspelet både i Herre- og U16-klassen, fekk dermed eit hardt program og bar kanskje preg av det då PotetLegendene køyrde over dei og leia 3-0 kort tid inn i finalen. Resultatet stod seg og PotetLegendene vann fortjent sin tredje cup på rad.

Tomatoheads2

I Dameklassen var det med 7 lag fordelt på to grupper. Nivået var høgt og jevnt, faktisk klarte vinnarlaget Tomatoheads berre 3. plass i gruppa si og måtte ut i mellomspel for å koma til sluttspelet. Der var dei imidlertid solide og slo Smurfene frå Bondelandet 1-0 i finalen.

KRIK Fotballcup laurdag 10. juni

desember 16, 2017

Laurdag 10. juni er det klart for ny cup. Cupen skal vera ferdig i god tid før Champions League – finalen (som startar kl. 21), så me held på maksimalt frå klokka 15 til 20. Me blir i utgongspunktet i Bjerkreimshallen, men vurderer å vera ute viss det blir sol og sommar – det blir i så fall lagt ut info her.

Kvart lag har keeper + 5 spelarar på banen (pluss så mange innbytarar de ønsker). Me har kampar på to banar og har som vanleg eigne cupar for:

  • ungdomsskuleelevar (U16-klassen)
  • jenter/damer (Dameklassen)
  • open klasse (Herreklassen)

Pris for kvart lag er kr. 500. Du sender påmeldinga til krikbjerkreim@hotmail.com, tlf. 40494797 eller til Børge Vassbø på Messenger. Påmeldingsfristen er torsdag 8. juni kl. 18.

Utenom sjølve cupen så blir det andakt, kiosk, Playstation med FIFA.

Me ser fram til cup og håper å sjå deg der 🙂 Dei som allereie har meld seg på er:

Herreklassen: Intolerante Mørkemenn, Berit’s Barnebarn, Old Boys, Heroes in Blue 2, Kaptein Sabeltann, BM Hunters, Bjerkreimsyndromet, Pensjonerte Krigare.

Dameklassen: Ung og Lovande, Berit’s Barnebarn.

U16-klassen: Heroes in Blue 2, Ung og Lovande, Kaptein Sabeltann, Pensjonerte Krigare, Black Panthers, Underlaget.

Sleveland & Co festa grepet

september 7, 2017

Sleveland & Co

Årets fjerde KRIK Fotballcup vart halden på Vikeså kunstgras fredag kveld. Med 22 lag, god stemning blant publikum og ein relevant andakt vart det ein svært gild kveld i det gode veret.

Det var med 8 lag i Herreklassen, desse var fordelt på to grupper. Gruppevinnarane vart Sleveland & Co og Grevens og De. Desse laga møttest òg i finalen, der Sleveland & Co hadde klart mest krefter att, spelte best fotball og tok ein komfortabel 5-0 siger. Laget har gjort ein svært bra sesong så langt og no vunne to cupar, noko som gjer dei til favorittar til å vinna Maratontabellen.

Tomatoheads

I Dameklassen var det med 6 lag som alle var i ei gruppe. Dei fire beste laga kom til semifinale, der det var så jevnt at begge måtte avgjerast på straffekonk. Tomatoheads og The Chipmunks hadde kaldast straffetakarar og tok seg vidare til finalen. Trass iherdig innsats frå debutantane på The Chipmunks klarte meir rutinerte Tomatoheads å få kampen inn i sitt spor og kontrollerte inn ein god 2-0 siger.

Potetlegendene

U16-klassen hadde med 8 lag fordelt på to grupper. PotetLegendene, som òg imponerte i Herreklassen, gjorde ein svært bra cup. Etter gruppesigeren gjekk sluttspelet òg på skinner og eigersundslaget vann finalen mot Rolfs Royce med ein sterk 6-2 siger. Rolfs Royce gjorde òg ein god figur og imponerte mellom anna ved å slå sterke Pizzabageren Spesial i semifinalen.

Andakt

Kveldens andaktshaldar var Gustav Kjølberg. Han peika på vårt indre moralske «kompass» som Gud har gjeve oss og oppfordra oss til å bruka det i kvardagen.

Wankchester City vann fyrste utecupen

juni 5, 2017

Tidenes fyrste utandørs KRIK Fotballcup vart arrangert på Vikeså kunstgras på laurdag. Det var 21 påmelde lag som saman med frammøtte tilskodarar og stort sett godt vèr skapte god stemning på stadion.

Bilete kamp

Det var med 12 lag i Herreklassen. Desse var fordelt på tre grupper der dei fleste tok seg vidare til kvartfinale. Finalen vart vunnen av Wankchester City, som imponerte og slo regjerande meister Sleveland & Co 1-0 etter ei nervepirrande avslutning. Øvrige lag som bør nevnast er Sleivdal IL, som med underhaldande fotball tok seg til semifinalen, og lokale Grevens og de som var svært solide før dei måtte gje tapt mot vinnarlaget i semien.

thumbnail_IMG_0064-2

Wankchester City: Bak f.v. Marius Nygård, Joakim Grude, Simen Kydland og Sondre Hovland. Midten f.v. Vetle Birkedal og Tobias Randa. Framme: Scott Vatne.

I U16-klassen var det påmeld 9 lag som stort sett brukte gruppespelet som plasseringsspel før sluttspelet. Regjerande meister Liggeunderlaget var utilnærmelege og cruisa inn til siger i deira siste cup i U16-klassen. Klaus Merkesdal sine utvalde vann dermed òg Maratontabellen for 2016 – 2017. Finalemotstandar Noname FC viste med relativt kynisk og effektivt spel at dei skal bli vanskelege å slå framover.

thumbnail_IMG_0072-2

Liggeunderlaget: Bak f.v. Henry Skipnes, Anders Medalen, Oliver Sælevik og Klaus Merkesdal. Framme f.v. Didrik Nevland, Daniel Kyllingstad og Markus Sælevik.

Andakten vart halden av Børge Vassbø og handla av naturlege årsaker om pinsen og Den Heilage Ande. Etter at cupen var ferdig var det stemning i teltet under visninga av Champions League – finalen. Alt i alt ein gild dag på kunstgraset, såpass gildt at det vert ny utecup fredag 1. september.