Archive for the ‘Familie KRIK’ Category

Familie KRIK

september 13, 2015

Familie KRIK starta opp hausten 2015 og har samlingar enkelte sundagar kl. 10.30 – 12. Det er veldig fint om fleire vil vera med som leiarar, men opplegg vert det uansett 🙂

Familie KRIK er gratis, men me har litt utgifter og set difor stor pris på om nokon vil støtta oss ved å melda seg inn. I tillegg til gleda ved å støtta, får ein gjennom medlemskap høve til å delta på KRIK sine familieleirar (info om Familie KRIK leirar finn du her). Aktuelle prisar:

  • medlemskap for heile familien (inntil 5 stk): Kr. 300
  • medlemskap for heile familien (inntil 5 stk) + KRIK Bjerkreim t-skjorte til ungane: Kr. 400

 

Hausten 2017 har me følgande samlingar:

  • Sundag 29. oktober
  • Sundag 12. november
  • Sundag 26. november
  • Sundag 3. desember
  • Sundag 17. desember (juleavslutning)

Me vert i gymsalen og bassenget på Vikeså skule, ta med både gym- og badetøy. Viss det er meld veldig fint ver kan me finna på å vera ute, me legg ut info om dette i Facebook-gruppa. Der kjem det òg info om juleavslutninga når ho nærmar seg.

Utskriftsvenleg oversikt finn du her: Datoar hausten 2017.

Reklame