Sleveland & Co festa grepet

Sleveland & Co

Årets fjerde KRIK Fotballcup vart halden på Vikeså kunstgras fredag kveld. Med 22 lag, god stemning blant publikum og ein relevant andakt vart det ein svært gild kveld i det gode veret.

Det var med 8 lag i Herreklassen, desse var fordelt på to grupper. Gruppevinnarane vart Sleveland & Co og Grevens og De. Desse laga møttest òg i finalen, der Sleveland & Co hadde klart mest krefter att, spelte best fotball og tok ein komfortabel 5-0 siger. Laget har gjort ein svært bra sesong så langt og no vunne to cupar, noko som gjer dei til favorittar til å vinna Maratontabellen.

Tomatoheads

I Dameklassen var det med 6 lag som alle var i ei gruppe. Dei fire beste laga kom til semifinale, der det var så jevnt at begge måtte avgjerast på straffekonk. Tomatoheads og The Chipmunks hadde kaldast straffetakarar og tok seg vidare til finalen. Trass iherdig innsats frå debutantane på The Chipmunks klarte meir rutinerte Tomatoheads å få kampen inn i sitt spor og kontrollerte inn ein god 2-0 siger.

Potetlegendene

U16-klassen hadde med 8 lag fordelt på to grupper. PotetLegendene, som òg imponerte i Herreklassen, gjorde ein svært bra cup. Etter gruppesigeren gjekk sluttspelet òg på skinner og eigersundslaget vann finalen mot Rolfs Royce med ein sterk 6-2 siger. Rolfs Royce gjorde òg ein god figur og imponerte mellom anna ved å slå sterke Pizzabageren Spesial i semifinalen.

Andakt

Kveldens andaktshaldar var Gustav Kjølberg. Han peika på vårt indre moralske «kompass» som Gud har gjeve oss og oppfordra oss til å bruka det i kvardagen.

Kommenter innlegget