Camel FC best av 20 herrelag

Heile 35 lag var påmeld til årets fyrste KRIK Fotballcup, som vart halden laurdag 7. januar. Debutantlaget Camel FC vann Herreklassen, Kleppjentene gjekk til topps i Dameklassen medan U16-klassen vart vunnen av Liggeunderlaget.

0_mg15690-2

Camel FC: Bak f.v. Sander Remme, William Takvam, Erling Torstensen, William Skåra. Framme f.v. Jonas Skulstad, Dan André Myklebust, Martin Nordvoll, Oscar Sæstad.

Det var med 20 lag i Herreklassen. Eigersundslaget Camel FC kom skeivt ut med tap i opningskampen mot Sleivdal IL, men viste seg som eit sterkt turneringslag som berre vart betre og betre og avslutta med å slå Dei Sledne 3-0 i finalen. Morten Egeland og dei sledne vennane hans gjorde for øvrig ei svært god turnering ved mellom anna å slå ut heimefavoritten Ørsdalen IL i semifinalen.

kleppjentene

Kleppjentene: Bak f.v. Miriam Byberg, Oda Bogstad, Karoline Marie D. Djuve, Maria Hiim. Framme f.v. Tuva Hansen, Maren Osaland Sele, Vilde Grøsfjeld.

I Dameklassen var det med 7 lag. Kleppjentene hadde på papiret eit svært sterkt lag med både med erfaring frå både Klepp sitt damelag og J19-landslaget. Laget levde opp til forventningane, men at dei gjekk på poengtap og hadde 3-0 som største siger må seiast å vera eit teikn på at det var generelt høgt nivå på laga i Dameklassen. Miniputt FK gjorde nok ein god cup og sikra andreplassen.

liggeunderlaget

Liggeunderlaget: Bak f.v. Klaus Merkesdal, Anders Medalen, Henry Samuelsen, Espen Dybing. Framme f.v. Markus Sælevik, Adrian Bergersen, Daniel Kyllingstad.

Dei 8 laga i U16-klassen viste at det gror godt i ungdomsfotballen i regionen. I den fyrste semifinalen møttest Buffaloes og McFlurry til eit fartsfylt oppgjer der det var mykje prestisje på spel. Etter ein svært jevn kamp vann EIK-gutane på Buffaloes på straffekonk. Der møtte dei Liggeunderlaget, som slo ut Hurtige Landsmenn i den andre semifinalen. Finalen var jevnspelt og ei sein scoring avgjorde til 2-1 siger for Klaus Merkesdal sine utvalde.

Kveldens andakt var ved Børge Vassbø, som såg på viktigheita av reglar både for å få ein god fotballkamp og eit godt kristenliv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: