Vetle til topps

Årets fjerde KRIK Fotballcup vart arrangert fredag 2. september. Til topps i Herreklassen gjekk Vetle Skjæveland sitt lag YaGunnersYa, medan Lord Vetles Utvalgte vann U16-klassen. Flukten frå Hønsegården tok ein ny siger i Dameklassen og er no utilnærmelege på toppen av Maratontabellen.

Herrer

YaGunnersYa

Det var med 11 lag i Herreklassen, og mange av laga stod for svært attraktiv fotball. Sleivdal IL imponerte med høgt teknisk nivå og fint samspel, og tok seg til semifinale der det måtte straffekonk til for at YaGunnersYa skulle slå dei ut. I den andre semifinalen møttest dei to tetlaga på Maratontabellen, Intolerante Mørkemenn og FC Sado. Sistnevnte trekte det lengste strået etter at òg denne kampen gjekk til straffekonk. I finalen viste YaGunnersYa styrke og vann 3-1.

Flukten frå Hønsegården

Flukten frå Hønsegården

Dameklassen hadde med 6 lag fordelt på to grupper. Det unge laget Pink fekk seg ein fortent opptur ved å ta seg til semifinale. Der viste imidlertid dei meir rutinerte på Flukten frå Hønsegården seg for sterke og vann 2-0. I den andre semifinalen vann Jordvepsane mot Ålgårdsauene etter straffekonk. Finalen vart vunnen av Flukten frå Hønsegården, som med 2-0 siger avgjorde både finalen og Maratontabellen i Dameklassen.

Lord Vetles Utvalgte

Lord Vetles Utvalgte

Dei 6 laga i U16-klassen var òg fordelt på to grupper. Her imponerte Noname FC U16, eit lag der kjerna var 8. klassingar. Etter mykje bra spel i gruppa møtte dei si overmakt på Girlza U16, då jentene frå Eigersund kom tilbake etter 0-1 ved å utlikna og vinna straffekonken. I den andre semifinalen var Lord Vetles Utvalgte solide og slo Pessimistane 1-0. Finalen vart dermed eit reint eigersunds-oppgjer, der Lord Vetles Utvalgte kontrollerte inn 1-0 og tok sin fyrste finalesiger.

Andaktshaldar var mangeårig internasjonalt ansvarleg i KRIK; Bjarte Øen. Han snakka om små og store val og om å søkja rett stad når ein skal gjera dei.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: