Egersund Hawks toppa stor U16-klasse

Årets fyrste KRIK Fotballcup vart arrangert laurdag 2. januar. Det var med rekordhøge 36 lag fordelt på 18 herrelag, 9 damelag og 9 U16-lag. FC Violada tok seg endeleg til topps i Herreklassen, medan Klepp IL gjorde som sist cup og vann Dameklassen. Egersund Hawks hadde god kontroll på debutantnervene og vann U16-klassen.

IMG_3774

Vann ikkje, men hadde det gildt likevel: Morten Solberg (Henderson) og Espen Primstad prøver ein innøvd variant i kampen mot Kilden FC.

Herreklassen hadde fire grupper kor dei to beste laga i kvar gruppe gjekk til sluttspelet. I den fyrste semifinalen møttest ålgårdsgjengen på FC Laurentz og Sola-gutane på Team Elektrotema. Den jevnspelte kampen enda 0-1. Den andre semifinalen var eit intenst oppgjer mellom FC Violada og Team Snøft. FC Violada har gjennom 2015 vist stigande kurve medan Team Snøft hadde eit sterkt lag med mange spanande spelarar frå Dalane. Kampen enda 1-1 og FC Violada vann straffekonken og tok seg til finale. Der vann dei sin fyrste cup-siger etter å teke ein fortent siger mot Team Elektrotema.

FC Violada

FC Violada: Bak f.v.: Halvard Netland, Jon Kristian Myklebust, Erlend Vignes, Enok Liland. Framme f.v.: Endre Vignes, Daniel Edvardsen, Roy Skjæveland, Thomas Malde.

I Dameklassen var dei 9 laga fordelt på to grupper. Nivået var svært høgt, og det var ein prestasjon å berre nå semifinalane. I den fyrste semifinalen vann det Eiger-baserte laget Flukten fra Hønsegården 3-0 over Jordvepsane. Den andre semifinalen vart vunnen av Klepp IL, dei talentfulle jentene hadde god kontroll då dei slo Mix 2-0. Finalen gjekk mellom to svært gode lag, der Klepp IL var aller best og vann 2-0.

12475998_10153675665330339_1894927767_n

Klepp IL: Bak f.v.: Marie Hella, Julie Merkesdal, Oda Goa Berge. Framme f.v.: Emilie Torbjørnsen, Marie Sørenes, Vilde Grøsfjeld.

I U16-klassen var det òg med 9 lag fordelt på to grupper. Det var med fleire nye lag og cupen baud på mange gode kampar. Jevnt var det òg, så begge semifinalane måtte ha straffekonkurranse for å avgjerast. I den fyrste semifinalen slo debutantlaget Egersund Hawks ut FC Legends på straffer, medan Party Svenskan sende heim Ville Jungeldyr. Det var duka for eit reint EIK-oppgjer i finalen, der ingen av laga klarte å scora og Egersund Hawks vann straffekonken.

12483469_10153675666960339_1472629864_n

Egersund Hawks: Bak f.v.: Henrik Hetland, Thomas Hallan Christensen, William Karlsen, Aleksander Årstad. Framme f.v.: Marius Karlsen, Truls Hallan Christensen, Lian Hgjr.

Andakten var ved Børge, som brukte juleevangeliet som døme på at ingen er for små eller mangelfulle til å kunna brukast av Gud.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: