Cup nr. 5/08

Fredag 7. november vart årets siste KRIK fotballcup arrangert. Dermed er vår andre cup-sesong over, og dette har vore nok ein gild sesong, sjølvsagt heilt uavhengig av kven som vann Maratontabellen 🙂blomsterpikene

Dette var den fyrste cupen kor det vart arrangert eigen jentecup. Dei fem jentelaga viste gode taktar og det var mange gode og jevne oppgjer. Til slutt vann Blomsterpikene (biletet) gruppa, og fekk med seg Frustrerte fruer i finalen. Gruppevinnaren vann 1-0, og kunne dermed innkassera historiens fyrste siger i jenteklassen, samt ein smakfull premie. Gratulerar!

I den opne klassen var det 16 lag og mange jevne og gode oppgjer. Årets fire store (FFBS, Heroes in Blue, FK Mustafunte og Intolerante Mørkemenn) tok seg vidare fra kva si gruppe. I tillegg imponerte Vaktene med svært bra spel og vann si gruppe. Sandnes FK, hovudsakeleg bjerkreimsgutar, viste òg solide takter. Godt samspel, solid innsats og dei råe fintene og rykka til Arne førte debutantlaget heilt til finalen. To andre debutantlag, Ogna Futsal og The Red Angels, imponerte òg stort og vann gruppene sine føre henhaldsvis Intolerante Mørkemenn og FK Mustafunte.

Sist cup slo FFBS ut Heroes in Blue i kvartfinalen. Denne gonga var det duka for revansje. Det såg lenge ut til å gå mot 1-1 og straffekonk, før ein blåkledd helt avgjorde heilt på tampen. Hellelands-gutane gjekk frå det eine bedehus-laget til det andre, og møtte Intolerante Mørkemenn i semifinalen. Etter ein mållaus kamp og haugevis med straffer missa mørkemennene og dei talentfulle Hellelandsgutane nådde finalen. Der møtte dei altså Sandnes FK. Trass i fartsfylt fotball frå begge laga enda òg denne kampen utan avgjerande scoring, og det måtte straffekonk til. Vinnaren vart Heroes in Blue, som dermed tok nok ein flott cupsiger!cup-5-i-08-ii

Sidan dette var årets siste cup, skulle Maratontabellen avgjerast. Før cupen hadde Intolerante Mørkemenn 18 poeng, føre FK Mustafunte på andreplass med 13 poeng. Med andre ord skulle det berre eitt poeng til for at mørkemennene skulle vera sikra sigeren. Med 3 poeng vart det totalt 21 poeng og pokalen vart dermed att i Bjerkreim. På dei neste plassane finn me FK Mustafunte, Heroes in Blue og FFBS.cup-5-i-082

Kveldens andaktshaldar var Clarence Goodson. Den sympatiske 26-åringen frå området rundt Washington DC (USA) fortalte om livet sitt frå før han byrja med fotball til han no var komen til Start. Og om det var mykje som hadde skjedd i livet hans, så var det ein ting som stod fast: Trua på Gud og tilliten til at Han hjelper. Så langt har bøn og hardt arbeid gjort «Clay» til landslagsspelar, Start og Adeccoligaens beste samt ein spanande spelar for Tippeligaen neste år. Med dei supplerande bibelversa 1. Kor 9.24-25, Joh 5.24 og Jeremia 9.23-24 var det ein skikkeleg bra andakt!

Det var ein gild kveld i hallen. Men ein episode var diverre ikkje fullt så gild: Etter ein av kampane førte truleg kombinasjonen av adrenalin og misforståingar til krangel, kor spelarar frå det eine laget var fysisk truande overfor det andre. Dette gav ei utrygg og lei stemning for dei involverte laga. I løpet av kvelden viste heldigvis spelarane seg velvillige og vaksne og skværa opp med kvarandre. Men for å hindra at liknande skal skje att seinare, har styret vedteke følgjande:

– vald fører umiddelbart til utvisning frå cupen/hallen. Dette gjeld uansett kva som har skjedd i forkant. Dersom nokon har ei konflikt kan dei evt. koma til arrangørane for å få hjelp. Å bruka vald for å «løysa» konflikta er heilt uaktuelt.

– det skal vera fleire vaksne til stades i hallen og utføre for å passa på at det ikkje skjer noko gale

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: