Takk for gild cup, neste er 10. juni

Med 28 lag vart det ein ny gild kveld i hallen den 11. mars. Herreklassen vart vunnen av Bjerkreimsyndromet, som no deler leiinga på Maratontabellen med NAFA. I Dameklassen avgjorde «Går d så går d» den dramatiske finalen mot Rosahelikopter, medan debutanten NYS vann U16-finalen mot Kaptein Sabeltann, som toppar Maratontabellen før siste cup. Oppdaterte tabellar finn du her.

Siste cup før sommaren blir, tradisjonen tru, før Champions League – finalen. Samla gjengen, spel cup og sjå deretter finalen – du kan sjå kampen på storskjerm hjå oss, elles har du tid til å dusja og koma deg heim sjølv om du speler finale. Det blir som vanleg cup med Herrelag, Damelag og U16-lag. Eit lite usikkerhetsmoment er kor cupen blir: Er det sommartemperaturar ute, så kan han bli på kunstgraset. Uansett inne eller ute så skal kvart lag ha keeper + 5 utespelarar (og valgfritt antall innbytarar). Pris per deltakande lag er kr. 500. Kampane blir spelt på håndballbane (evt. 1/4 av 11-er bane ute). Oversikt over påmelde lag er her.

Etter cupen 10. juni blir dei neste cupdatoane 21. oktober, 9. desember og 6. januar.

A7C04066

 

***

Johannes 5.24: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet.»

 

Takk til våre sponsorar:

Torbjørn Reime

Sponsing nummer 3 krik bjekrem cup