
The Wild Childs: Bak frå venstre: Ida Slettebø, Tonita Noreng Tollefsen, Kaja Marina B. Johannesen, Catarina Israelsson. Framme frå venstre: Renate Lye, Kaja Myklebust, Eilen Victoria Skailand, Malin Lunde.
Årets fyrste KRIK Fotballcup vart halden i Bjerkreimshallen fredag kveld. Det var med 13 lag i Herreklassen og 6 lag i Dameklassen. Herreklassen vart vunnen av debutantlaget Sjømannsforeningen (Eigersund), medan The Wild Childs (Helleland) vann Dameklassen.
Sjømannsforeningen tok seg til sluttspelet ved å bli nummer to i gruppa etter Di Beste. Laget vann kvartfinalen mot Heroes in Blue 1-0, men fekk større problemar i semifinalen som enda 0-0 mot hardtkjempande Team Snøft. Sikre straffeeksekutørar sikra avansement til finalen, kor dei skulle møta FFBS, som hadde teke seg dit etter å ha vunne gruppa og slått Gul Snø og Di Beste 1-0. Finalen var lenge heilt open med stor innsats av begge lag. Då tre minuttar gjenstod avgjorde Sondre Tveit kampen med ein flott prestasjon, og Sjømannsforeningen vann 1-0.
I Dameklassen var dei seks laga plassert i same gruppe, kor dei to beste skulle spela finale. Blomsterpikene vann gruppa på målskilnad føre The Wild Childs. Tredjeplassen gjekk til debutantlaget Prison Girls. I finalen tok The Wild Childs initiativet og med høgt tempo og mål av Malin Lunde og Tonita Noreng Tollefsen gjekk dei opp i 2-0 før Blomsterpikene vakna. Dei regjerande meistrane kom inn i kampen etter å ha redusert ved Rosmari F. Gåsland, men trass i fleire farlege headingar dei siste minutta kom dei ikkje nærmare og Hellelandsjentene kunne ta heim en fortent og etterlengta siger.
Kveldens andaktshaldar var Oddvar Sæth, leiar i KRIK Bjerkreim si gruppe i Ørsdalen. Oddvar tok utgongspunkt i Markus 10 då han snakka om at frelsa ikkje er noko me kan gjera oss fortent til, men som me berre kan ta imot. Ein flott andakt under ein cup som lova godt for årets sesong med KRIK Fotballcup.
