The Red Angels festar grepet

Fredag 1. mai kveld vart årets tredje KRIK Fotballcup halden i Bjerkreimshallen. Dette var siste cupen før sommaren, og det vart ei fin avslutning før ferien: Cupen baud på mykje god fotball, interessant andakt og godt sosialt samver. Vinnar av jenteklassen vart Blomsterpikene, medan The Red Angels som sist vann den opne klassen.

I jenteklassen var det denne gonga rekordhøge 7 lag med, fordelt på to grupper. Gruppe 1 vart vunnen av det_mg_0346 spanande debutantlaget Hellvik. Dei lokale favorittane Blomsterpikene hang òg godt med, og klarte gjennom kvalifisering å ta seg til semifinale. Gruppe 2 vart vunnen av Mozell Light, anført av KRIK sin distriktsmedarbeidar Trine Selvikvåg. Då eit lag i den opne klassen ikkje møtte stilte Lye-jentene sporty opp der òg, og fekk rektig slite seg ut på cupen. Vidare frå gruppe 2 kom òg Bffe, som tok seg vidare med betre målskilnad enn Young Ladies. I den fyrste semifinalen imponerte Bffe stort ved å slå ut Hellvik. I den andre semifinalen viste Ane B. Furuseth og co at dei er eit sterkt lag og slo ut Mozell Light etter straffekonk. Finalen mellom Bffe og Blomsterpikene var lenge spanande, og vart avgjort ved Rosmari Gåsland si praktheading. Blomsterjentene vann dermed sin andre siger i KRIK Fotballcup.

I den opne klassen var det 11 lag fordelt på 2 grupper. Gruppe 1 vart vunnen av teknikarane i FK Mustafunte, medan heimefavoritten Ta an du, æg he sting fekk  andre plass. Vidare til kvartfinalane kom òg Sandnes FK og Ballbingen FK. I gruppe 2 måtte målskilnad til for å skilja gruppevinnar Intolerante Mørkemenn frå regjerande meister The Red Angels. Her kom òg FFBS og Heroes in Blue til kvartfinale. FFBS sluttar aldri å imponera med sin enorme innsats som får eitkvart lag ut av rytmen. I kvartfinalane måtte det straffekonkurranse til for å senda FK Mustafunte og The Red Angels vidare, medan dei siste semifinalistane Ta an du, æg he sting og Intolerante Mørkemenn hadde betre kontroll i sine oppgjer. Semifinalane var prega av iherdig innsats og fartsfylt fotball. I den fyrste semifinalen vann The Red Angels 2-1 mot eit FK Mustafunte som med litt flaks kunne fått fleire mål på slutten. I den andre semifinalen møttest bjerkreimslaga Ta and du, æg he sting og Intolerante Mørkemenn til ein kamp prega av vinnarvilje, svette og mjølkesyre. Kjell Arve Refsland pirka inn 1-0, noko som haldt til årets 3. finale for Ta an du, æg he sting. Finalen vart dermed ei reprise frå sist cup. I finalen var The Red Angels, anført av ein opplagt Odd Bjarne Brekke, hakket kvassare enn heimefavoritten, dei vann 3-0 og kunne innkassera sin andre siger på rad. Me gratulerar vinnarlaget og vonar for dei tapande finalistane at alle gode ting er fire :-)

To av dei store på KRIK Fotballcup: Teknikaren Ronny S. Egelandsdal fører ballen medan goalgetter Kjell A. Refsland (nr. 2 frå høgre) òg bidreg defensivt.

To av dei store på KRIK Fotballcup: Teknikaren Ronny S. Egelandsdal fører ballen medan goalgetter Kjell A. Refsland (nr. 2 frå høgre) òg bidreg defensivt.

Andaktshaldar for kvelden var Harald Bøhn. Han hadde eit spanande vitnesbyrd å dela, då han fortalde om korleis Gud hadde bede han ta beina fatt i Afrika og korleis han vart leia på langs gjennom kontinentet. Denne turen brukte han om lag fem år på. Ei inspirerande historie om ein person som verkeleg handlar på Guds ord, noko dei fleste av oss nok kan vera flinkare til.

Når det gjeld Maratontabellane, så er dei no oppdaterte. Kort sagt kan det nemnast at The Red Angels (13 poeng) og Ta an du, æg he sting (12 poeng) har fått ei luke ned til FK Mustafunte og Intolerante Mørkemenn (7 poeng) på i den opne klassen. På jentene sin Maratontabell leier Blomsterpikene (7 poeng) føre Bffe (4 poeng). Me gler oss til å fylgja utviklinga til hausten! Set av datoen 4. september allereie no, så ser me!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.