Sjømannsforeningen og The Wild Childs sigra
Gratulerar til vinnarane av årets fyrste KRIK Fotballcup: Sjømannsforeningen (Herreklassen) og The Wild Childs (Dameklassen). Cupen baud på gjensyn med gamle kjende og nye, spanande lag, noko som lovar godt for cupar og maratontabellar dette året. Referat frå cupen finn du her, maratontabellane finn du her. Neste cup er fredag 2. mars, me vonar de er med og gjer det til nok ein triveleg kveld i hallen
Resten av cupane i 2012 er fredag 4. mai, fredag 7. september og under KRIK Cup&Konsert 16.-18. november.
- Litt av ein haust
Skillet (biletet) samla ca. 1750 entusiastiske publikummarar i IMI Forum sundag 20. november og laga, saman med supportbandet Sarepta, ein fantastisk kveld. Ein fin avslutning på ein travel haust for KRIK Bjerkreim. No er det berre å pusta ut litt, gle seg til jul og deretter til KRIK Fotballcup i Bjerkreimshallen fredag 6. januar
- KRIK Cup&Konsert 28.-30. oktober
Takk for ei fantastisk helg! Når så mange gode folk kjem saman på ein plass, er det jo berre nøydd til å bli god stemning
Gratulerar til Barca B (vinnar U16-klasse), Blomsterpikene (vinnar Dameklassen) og Intolerante Mørkemenn (vinnar Herreklassen). Me i KRIK Bjerkreim har hatt det utruleg gildt! Fotografen “vår”, Alf S. Ognedal, har teke mange flotte bilete frå helga. Dei finn du her. To av dei, eit av U16-vinnarlaget og eit av Rush Of Fools & downhere finn du under. Me håper de hadde ei fin helg og ser dykk gjerne att på KRIK Cup&Konsert 2012
Takk til våre sponsorar
Me rettar ei stor takk til våre sponsorar som gjer det mogeleg for oss å satsa: Torbjørn Reime Maskin (hovudsponsor), Vårt Land (hovudsponsor), Bjerkreim Trelast AS (hovudsponsor), Eckbos Legater, Sørvest Betongsaging AS, COOP Marked Vikeså, NorDan, Bjerkreim Kommune, HøieUeland AS, Gilje Tre, Aker Solutions, Spar Ålgård, Dalane Energi, Veen Gardscamping, Maler’n AS og Ørjan Gilje.
***
Johannes 5.24: “Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet.”




